Oljebyen Stavanger
Kaninbyen er skrevet av Arild Rein og er den siste boka av stavangertrilogien. Boka blei utgitt i 2004 og boka blei valt som ein del av Stavanger sitt 2008 prosjekt ”Heile byen les”.
I denne korte romanen som utspinnar seg på 175 sider, får vi eit innblikk i tidlegare politimann Jonny Roxmann sitt liv. Jonny blei dømt for hallikverksemd fordi han leigde ut moras leilegheit til prostituerte. Han fekk som følgje av saka og media-oppstyret sparken i politiet og flytta inn i kolonihagen han arva frå sin far. Hans liv går nå ut på å samla nok pengar slik at han kan reise vekk frå Stavanger for nokon veker. Han er sjølverklært kleptoman. Han lever på maten han dyrkar i kolonihagen, forsikringsvindlar og småtjuveri. I boka følgjer me vegen hans frå han får ein ide om å selja bakt potet med bacon og rømme på Gladmatfestivalen til fulle folk, slik at han kan tene nok pengar til ein ferie langt borte frå Stavanger. Jonny treffar også ei asiatisk jenta med namn Kim som han utviklar eit slags kjærleiksforhold med. Vidare ut i boka viser det seg at Kim ikkje er den ho utgjer seg for å være. Ho driv nemleg med menneskesmugling. Vi får gjennom heila boka antydningar om at politiet er mistenksame fordi Jonny legg merke til politispanare kvar gong han er med Kim. Heila forteljinga er basert på Jonnys pessimistiske tankar og meiningar om Stavanger og folka som lever her. Han meine at olja har øydelagt Stavanger og regionen rundt og folk her er falske. De einaste folk gjør er å ha sex med kvarandre og få innvandrarar til å jobbe for seg, mens ein sjølv slappar av i denne falske bobla av ein by.
Det einaste eg likte med denne boka var at handlinga forgikk i Stavanger. Dette gjør at når forfattaren beskriv stader, kan eg lage meg et bilde i hovud om korleis det ser ut. Men hans pessimistiske synspunkt øydeleggar mykje av inntrykket og gleda. Eg er ikkje ein stor fan av nynorsk, men i denne forteljinga er det ein pluss at boka er skreve på nynorsk sida nynorsk er meir likt stavangersk enn bokmål.
Eg fekk ein underleg følelse når eg leste boka, der var liksom som ein ventar på at noko spesielt skulle skje, men det skjer aldri. Når ein er ferdig med boka sittar ein med ei kjensle om at ingenting har skjedd det heile har bare vært innledningleinga og poenget i forteljinga er utelat.
Mine kriterium for at ein bok skal være bra er ein god historie fletta inn med morsame augneblink og spenning. Kaninbyen har ingen av kriteriumane eg stillar til ein god bok. Derfor kan eg slå fast at denne boka får terningkast 1. ”Eg vil ikkje tilråde nokon å lese denne boka spesielt ikkje dei som ikkje er frå Stavanger og ikkje får assosiasjonar med plassane som er skildra. ”
![]() |
| http://froya3.blogspot.com/ |
Kjelder: Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norsk Samlaget. Oslo





